Rekordmange gjekk Molvikmarsjen

 

Molvik vel kunne gle seg over heile 126 deltakarar ved Molvikmarsjen som tradisjonen tru vart arrangert Kristi himmelfarsdag som i år fall saman med 1. mai.

 

Fleire enn nokon gong før stilte opp i år, og i det lune vårvêret vart det ein fin tur og ei fin naturoppleving for deltakarane. I nordavindssola i fjor var det til samanlikning 65 deltakar.

    – Me deltok for første gong i Molvikmarsjen i fjor og syntest det var svært positivt. Så me er på plass att i år og kjem sikkert til å stilla opp fleire gonger, sa trekløveret Sofie Kallekleiv, Anne Margrete Sæbø og Viviann Vetås til Strilen på veg ned att frå Sesstølen.

    – I det lune vårvêret som me har i dag, er dette ein svært flott tur, er dei tre damene frå Isdalstø og Alvermarka samde om.

    Som 40 andre og nokre hundar hadde dei teke turen heilt opp til Sesstølen, ei kraftig lenging av den eigentlege marsjløypa som har vendepunkt ved «Teltet» – før dei kraftige stigningane på skogsvegen tek til.

    Fine rasteplassar hadde både dei som tok pause ved «Teltet» og dei som tok turen opp til den nybygde og restaurerte stølen. Som var det også ein gjeng marsjdeltakarar som valde løypa opp til Mulskollen der dei får ei flott utsikt utover Osterfjorden og over til Osterøy.

    Drøsen og stemninga var på topp i grendahuset ved premieutdelinga etter marsjen. Både betasuppa, pølsene, kakene, kaffien, brusen og slikt smakte og glei ned mellom kommentar om dagens marsj, lotterigevinstar og tilrop til dei som vann.

 

Tekst og foto: Stanley Hauge

Trekløveret Sofie Kallekleiv (t.v.), Anne Margrete Sæbø og Viviann Vetås (t.h.) skrytte av ein flott tur i Molvikdalen. Her er dei på veg ned att frå Sesstølen som ligg om lag 250 meter høgare enn starten nede i Molvik.

 

 

 

 

Sesstølen: Godt med ei rast etter bakkane opp hit.

 

 

 

 

«Teltet» – det eigentlege vendepunktet for marsjen inn Molvikdalen, rett før bakkane opp til Sesstølen startar. Her er det bok du kan skriva deg inn i heile sesongen.